Pakk sekken riktig for vinterens toppturer!

By oscar
| 25.10.17 08:26

| Nyheter

Interessa for toppturar har vakse veldig dei siste åra og eg synast sjølv det er utruleg kult at det er så mykje folk som får auga opp for fjella i nærområdet vårt. For å få dei gode opplevingane i fjella er det viktig å vere godt utstyrt og førebudd. På Vestlandet skiftar vêret raskt og det er vanleg med vêromslag frå til dømes blå himmel og sol til white out.

PS12370 kopia 2.jpg

Her er ei oversikt over kva eg vanlegvis har med meg i sekken på topptur om vinteren:

Primaloft jakke – Eg føretrekker jakke i primaloft ettersom primaloft toler vatn betre enn dun og varmar nesten like godt.

Ekstra hanskar – Minst eitt par ekstra hanskar er fint å ha med seg, det er fort gjort å miste ein hanske på fjellet.

Ekstra lue – Fint å ha ei lue ekstra.

Buff – Perfekt til beskyttelse mot vêr og vind.

Goggles – Om det blir skikkeleg snøstorm, er goggles det einaste som verkeleg beskyttar auga.

Vindsekk – Supert ved dårlig vêr eller ved eit uhell kor ein må sitte i ro og vente på hjelp.

Førstehjelp-kit – Her er det litt opp til deg sjølv kva du meiner du har bruk for å ha med på den aktuelle turen.

Reparasjons-kit – Her tek eg med det eg treng for å fikse øydelagt utstyr på tur. Mengda ting som eg tek med, er avhengig av om det er ein dagstur eller ein tur over fleire dagar.

Kart og Kompass – Dette er eit must for å navigere på tur.

GPS – I white out er det veldig fint med GPS. Mange har GPS på telefonen men ver obs på at batteriet på telefonen er veldig mykje dårlegare enn på ein vanleg GPS.

Satellittelefon – Mange dalar her på Sunnmøre er utanfor mobildekning. Om uhellet er ute, er dette einaste moglegheita for kommunikasjon. No til dags finst satellittelefonar i rimelege utgåver.

Skredutstyr
Dette er ikkje plassen å spare pengar, kjøp skredutstyr med god kvalitet! Det er ikkje anbefalt å kjøpe brukt skredutstyr. Har ein f.eks. mista skredsøkjaren i bakken, kan antennene bli øydelagde.

Skredsøkjar (på kroppen ikkje i sekken) – Om du har ein eldre analog skredsøkjar, er det eit must å skifte han ut til ein digital søkjar.

Spade – Skal vere i metall og fortrinnsvis med teleskopskaft.

Søkestong – Kjøp ei stong som minst er 240 cm lang. Om ein vel ei i karbon eller aluminium speler mindre rolle.

Skredsekk – Det er ei god investering, men langt i frå like god som eit kurs der ein lærer seg å ta rette vurderingar og val i skredterreng.

Denne teksta ble første gang publisert i magasinet PS. Foto: Martin Kristoffersen

Written by oscar

Uteguiden´s Blog

Welcome to our blog. Here you can read about coming tours, events, get some good info from our guides or just have a good time. 

Subscribe to Email Updates

Recent Posts